Stankelbeinskrift

Mary Bente Bringslid

Viltre dikt for barn i tradisjonen etter Inger Hagerup og Andr�� Bjerke.

I Mary Bente Bringslids tredje diktsamling møter vi mellom anna stankelbein og fiskar, ein måne som må tisse, og ein veps som berre tenkjer på sukker.

STANKELBEIN

Eit daudt stankelbein
er ein floke av svarte strekar
Eit levande stankelbein
flyg i lufta med strekbeina dansande rundt seg
Seint på ettermiddagen
set stankelbeina seg på husveggen
og står og står
slik bokstavar står på papiret

Forfattaren debuterte skjønnlitterært med barnediktsamlinga Dei blå revane i 2003, og gjorde seg fortent til Kultur- og kyrkjedepartementets debutantpris for barnebøker. No er Bringslid ute med ei ny samling viltre, underfundige og språkleikande dikt.


ISBN: 9788252174045

Kategoriar: Mary Bente Bringslid

Emneknagg: 2009, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Mary Bente Bringslid