Hefta

Generell litteratur

Språkleg toleranse i Noreg - Norge, for faen!

Er vi nordmenn eigentleg så språktolerante som vi likar å tru?
Blant språkforskarar utanlands blir Noreg sett på som eit land med stor takhøgd for språkleg mangfald. Men i kva grad set eigentleg det norske folket pris på språkmangfald?
Kvifor ser ein stadig negative og til dels hatske utfall mot nynorsk? Kvifor møter meir synleggjering av samisk språk i Nord-Noreg sterk folkeleg motstand? Er det eigentleg så populært med alle moglege slags dialektar i dette landet? Og kvifor er det så opprørande at minoritetsspråklege born skal få tilbod om morsmålsopplæring?

Gjennom ti frittståande tekstar tek boka opp ein rad dagsaktuelle emne knytt til språkleg mangfald, alt frå hakking på dialektbruk via angrep på nynorsk og samisk til synet på fleirspråkleg opplæring. Den overordna bodskapen er at språkleg toleranse og verdsetjing av språkmangfald er bra for den enkelte og difor også for samfunnet.
399,00 kr
Øystein A. Vangsnes
Om forfattaren

Øystein A. Vangsnes

(f. 1968) er dr.art. i lingvistikk og arbeider som forskar ved Universitetet i Tromsø og professor II ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han er ein aktiv forskingsformidlar som mellom anna bloggar om språk og språkvitskap på nettportalen Forsking.no. I 2012 vart Vangsnes tildelt Universitetet i Tromsøs formidlingspris.