Sosialpolitikk på norsk: velferdstenestene, forvaltninga og det politiske systemet
Gjennom heile framstillinga blir det lagt vekt på kva handlingsrom sosialarbeidarane har i profesjonsutøvinga si, med vekt på skjønsutøving og medverknad. Minoritetserfaringar og diskriminering blir behandla i eit eige kapittel, og her blir det lagt særleg vekt på det samiske og på innvandring. Avslutningsvis gjer forfattarane opp status for den norske velferdsstaten. Her set dei eit kritisk søkelys på aukande sosial ulikskap og fattigdom i det norske samfunnet og drøftar moglege sosialpolitiske reformer som kan bidra til å motverke desse utviklingstrekka.
Magne Eikås er dosent ved Institutt for velferd og deltaking, Høgskulen på Vestlandet campus Sogndal. Eikås er utdanna statsvitar og er medforfattar av boka Organisert velferd (2016).
Svein Tuastad er førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag, Universitetet i Stavanger. Tuastad er utdanna statsvitar og har mellom anna skrive boka Fridom, likskap og gullkort (2009) og vore medredaktør på boka Barneomsorg på norsk (2017).
Magne Eikås
(f. 1959) er amanuensis ved Avdeling for samfunnsfag, Høgskulen i Sogndal. Eikås underviser i samfunnsfaglege emne ved sosialarbeidarutdanningane.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO