Songfuglen: roman

Skjønnlitteratur

Songfuglen: roman

Handlinga i denne romanen er lagt til ein namnlaus by, befolka av kvinner og forbode for menn. Jakoba veks opp forkledd som jente, beskytta av mora og tanta. No som han er i ferd med å bli ein ung mann, blir hemmelegheita vanskelegare å halde skjult. Og når tanta brått dør, trer Jakoba ut av det trygge tilveret: Han er i livsfare i sin eigen by. Samstundes trugar og lokkar brøla frå mannfolka i skogen utafor. Han forelskar seg i den vakre tenestejenta Tikva, og står framfor eit avgjerande val. Den vakre songstemma hans kan redde han, men om han blir songar, vil han då miste Tikva for alltid?
329,00 kr
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252184112
Jan Roar Leikvoll
Om forfattaren

Jan Roar Leikvoll

Jan Roar Leikvoll (1974-2014) kom frå Frekhaug i Nordhordaland og studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) blei publisert posthumt. Han blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar, og for dette hausta ros frå både kritikarar og lesarar. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.