Sonettar og songar

William Shakespeare |
Innbunden | ISBN: 9788252155525

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price250 kr

Shakespeare skapte ikkje den engelske varianten av sonetten, men tok den i bruk på eit nytt grunnlag. Det skulle gå fleire hundre år før nokon nytta denne diktforma på same bramfrie måten. I desse dikta tek poeten Shakespeare ut det beste i seg: Den makelause språklege bravuren, musikaliteten, det personlege nærværet i den endeframme seiemåten jamsides det kunstferdige uttrykket, vekselspelet mellom alvor og humor, oppglødd tale og sakleg konstatering - og heile tida med daglege ord frå mange livsområde som kunstnarleg materiale.

Shakespeares songar er plasserte i skodespela og lagde i munnen på ulike rollefigurar og er oftast skrivne inn i meir formelaktige sjangrar som folkeviser, revyviser, balladar og danseviser.

Per Olav Kaldestad (f. 1947) har i meir enn 20 år med jamne mellomrom arbeidd med å føre det formelle, tematiske og språklege mangfaldet hos Shakespeare over i norsk språkdrakt, og han har her gjort eit strengt utval av sine gjendiktingar: Boka inneheld 35 sonettar og 18 songar.

Sonettane og songane er utstyrte med fyldige merknader, her er notar til songane, og Kaldestad har også skrive eit perspektivrikt føreord.

Denne gjendiktinga har fått særs gode meldingar, her er nokre få utdrag:

Frå Morgenbladet 7. juni 2002:

"I forordet beskriver Kaldestad sangene til Shakespeare som en særdeles heldig kombinasjon av kunstdikting og populærdikting. Her kan man nok spore en linje til Kaldestads egne dikteriske prosjekter, og det gjør han til en velkvalifisert formidler av nettopp disse tekstene."

Charles Ivan ArmstrongFrå Dag og Tid 18. januar 2003:

"Som Kaldestad sjølv peikar på i føreordet, er det snarare omsettaren enn originalpoeten ein høyrer i lyrikkomsettingar. Og det er derfor, vil eg legga til, at me behøver Kaldestad sine omsettingar."

Hadle Oftedal Andersen

Du likar kanskje desse

Sist sett på