Som ein bror: historia om sjimpansen Julius

Barn og ungdom

Som ein bror: historia om sjimpansen Julius

9–12 år 1 t 5 min
Eit sjimpanseportrett. Midt på natta mellom første og andre juledag 1979 blei det fødd ein liten sjimpanse i ein dyrepark i Kristiansand. Han heitte Julius og skulle få ein vanskeleg start på livet. Mora avviste han, og til slutt måtte Julius flytte inn hos to menneskefamiliar. Men korleis går det eigentleg når ein sjimpanse flyttar inn til menneska? Dette er den sanne historia om Noregs største dyrekjendis. Om den lange vegen tilbake til sjimpansane og om tiår med isolasjon og fluktforsøk. Om korleis Julius til slutt klarte å bli leiar for sjimpanseflokken i Dyreparken, og om korleis menneska han ein gong budde med, framleis ser på han som ein slags bror.
279,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005756
Alfred Fidjestøl
Om forfattaren

Alfred Fidjestøl

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut ei rekkje biografiar og historieverk. Han blei nominert til Brageprisen i 2013 og 2020, til Kritikarprisen i 2015 og 2017, og han er den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris. I 2017 fekk han Språkrådets språkpris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Fidjestøl fekk Samlagsprisen 2022 for forfattarskapen sin.