Soldagen

Barn og ungdom

Soldagen

12–16 år 1 t 25 min
Lettlesen action i snødrevet. Maja hamnar stort sett alltid i trøbbel. Ho har akkurat krangla med mora si, for deretter å stikke heimanfrå. No sit ho på nattbussen på veg til tanta, som bur fleire timar lenger nord. Ilias er også i trøbbel. Han har rømt frå asylmottaket, skuldar pengar til Nils og gjengen, og har attpåtil lova mora å passe godt på veslesøstera si, Amira.
På uventa vis møtest vegane til Ilias og Maja. Saman blir dei vikla inn i eit nervepirrande drama der altfor mykje står på spel og mange har mykje å tape.

349,00 kr
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234017445
Sunniva Relling Berg
Om forfattaren

Sunniva Relling Berg

Sunniva Relling Berg (f. 1988) kjem frå Ålesund. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen Utfor, som blei nominert til Brageprisen. Ho har seinare gitt ut romanane Beina i gitaren (2013), Polarnatt (2019) og Soldagen (2024) for ungdom. I 2021 kom Lyden av to hender, hennar fyrste roman for vaksne.