Barn og ungdom

Nattsol: roman

12–16 år
«Dette er nydelig formidla friluftsengasjement ispedd noen gærne kriminelle og nær døden-opplevelser. ... «Nattsol» er en spennende og ganske dramatisk snutt fra livet til to nesten helt vanlige ungdommer som har det m...»
— Karoline Henanger, Klassekampen
Kven kan ein stole på?

Maja og Ilias har vore i trøbbel før, men no har dei ikkje snakka saman på lenge. Ein dag tar Maja mot til seg og besøker Ilias på asylmottaket. For ho treng hjelp. Motvillig blir Ilias med på ei ferd mot ei hytte langt inne i skogen, høgt oppe på fjellet. Dei skal levere noko proviant til beredskapslageret til tante. Trur dei, i alle fall.  
  
Men det er ikkje enkelt å vite kven dei kan stole på, og plutseleg har dei to nok ein gong hamna midt i eit drama på liv og død.  
  
Dette er Sunniva Relling Bergs tredje bok i serien om Maja og Ilias, ein sterk oppfølgar til både Polarnatt og Soldagen. Boka er utgitt med støtte frå Stiftelsen LESE, og er illustrert av Bjørn Rune Lie. 
199,00 kr
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234016325
Sunniva Relling Berg
Om forfattaren

Sunniva Relling Berg

Sunniva Relling Berg (f. 1988) kjem frå Ålesund. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen Utfor, som blei nominert til Brageprisen. Ho har seinare gitt ut romanane Beina i gitaren (2013), Polarnatt (2019) og Soldagen (2024) for ungdom. I 2021 kom Lyden av to hender, hennar fyrste roman for vaksne.