InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Soldagen: roman

12–16 år
Lettlesen action i snødrevet. Maja hamnar stort sett alltid i trøbbel. Ho har akkurat krangla med mora si, for deretter å stikke heimanfrå. No sit ho på nattbussen på veg til tanta, som bur fleire timar lenger nord. Ilias er også i trøbbel. Han har rømt frå asylmottaket, skuldar pengar til Nils og gjengen, og har attpåtil lova mora å passe godt på veslesøstera si, Amira. På uventa vis møtest vegane til Ilias og Maja. Saman blir dei vikla inn i eit nervepirrande drama der altfor mykje står på spel og mange har mykje å tape. Boka er illustrert av Bjørn Rune Lie.
349,00 kr
Sider
107
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234011825
Sunniva Relling Berg
Om forfattaren

Sunniva Relling Berg

Sunniva Relling Berg (f. 1988) kjem frå Ålesund. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen Utfor, som blei nominert til Brageprisen. Ho har seinare gitt ut romanane Beina i gitaren (2013), Polarnatt (2019) og Soldagen (2024) for ungdom. I 2021 kom Lyden av to hender, hennar fyrste roman for vaksne.