Barn og ungdom
Soldagen: roman
Lettlesen action i snødrevet.
Maja hamnar stort sett alltid i trøbbel. Ho har akkurat krangla med mora si, for deretter å stikke heimanfrå. No sit ho på nattbussen på veg til tanta, som bur fleire timar lenger nord.
Ilias er også i trøbbel. Han har rømt frå asylmottaket, skuldar pengar til Nils og gjengen, og har attpåtil lova mora å passe godt på veslesøstera si, Amira.
På uventa vis møtest vegane til Ilias og Maja. Saman blir dei vikla inn i eit nervepirrande drama der altfor mykje står på spel og mange har mykje å tape.
Boka er illustrert av Bjørn Rune Lie.
På flukt
Sunniva Relling Bergs serie om Maja og Ilias viser at lettlesne, actionfylte krimromanar kan gi lesaren mykje meir enn berre litt kjapp spenning.
Sjå heile serien →




