Skjønnlitteratur

Sanct Svithuns gåte: kriminalroman

Vår mann i vest, Rolf Randen, er på utlån frå lensmannskontoret i Førde for å patruljere kysten i ein open gummibåt, på jakt etter terroristar som trugar landet. Eit meiningslaust oppdrag, tenkjer han og vil heller dykke ned til det gamle hurtigruteskipet Sanct Svithun som blei bomba utanfor Ervika i 1943. Under eit dykk finn Randen ein død mann i sjøen ved ei sandstrand nær Vestkapp. Samstundes forsvinn ei kvinne, og gamle gullmyntar dukkar opp. Rolf Randen er igjen i sentrum av eit storslagent drama som har forgreiningar til Stalins Gulag-leirar, andre verdskrig og den spanske armada - og bak ligg den mektige naturen i Selje og spelar med.

179,00 kr
Rune Timberlid
Om forfattaren

Rune Timberlid

(f. 1950) er journalist og kriminalforfattar. Han har, sidan debuten i 1991, skrive fleire bøker om politibetjent Rolf Randen frå Høyanger, m.a. Deadline (2006) og Operasjon Siskin (2008). Timberlid er fødd i Sogndal og utdanna journalist frå Norsk Journalisthøgskole. Han har mellom anna arbeidd i Aftenposten, Dagbladet, NTB og Sogn Avis og Firda, der han var redaktør i 1990–1995. Timberlid er busett i Førde og er seniorrådgivar i kommunikasjonsavdelinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet.