Deadline: kriminalroman
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Deadline: kriminalroman

Rolf Randen er politibetjent tilsett ved lensmannskontoret i Førde, og livet hans er ikkje akkurat fylt med spenning. Så ringjer telefonen, og distriktssjef Tor Arne Styve ved NRK Sogn og Fjordane er på tråden. Ein ung og dyktig medarbeidar, Tonje Luster, er forsvunnen. Litt etter litt får vi rulla opp ei omfattande historie om menneskehandel, om samfunnsstøtter og frimurarar med mange og lumske svin på skogen, og om to misbrukte jenter som er ute etter å hemne seg. Timberlid har imponerande godt tak på intrigen, og leverer ein svært overraskande slutt.
279,00 kr
Sider
285
Utgivingsår
2006
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252169553
Rune Timberlid
Om forfattaren

Rune Timberlid

(f. 1950) er journalist og kriminalforfattar. Han har, sidan debuten i 1991, skrive fleire bøker om politibetjent Rolf Randen frå Høyanger, m.a. Deadline (2006) og Operasjon Siskin (2008). Timberlid er fødd i Sogndal og utdanna journalist frå Norsk Journalisthøgskole. Han har mellom anna arbeidd i Aftenposten, Dagbladet, NTB og Sogn Avis og Firda, der han var redaktør i 1990–1995. Timberlid er busett i Førde og er seniorrådgivar i kommunikasjonsavdelinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet.