Operasjon Siskin

Rune Timberlid

Eit brutalt drap fører tilbake mot svik, tortur og Gestapo i denne medrivande og kritikarroste kriminalromanen

Sognefjorden, november 1944: Heimefronten kan endeleg starte med sabotasjeaksjonar som skal stoppe den viktige aluminiumsproduksjonen i Høyanger. Førde, desember 2007: Den velståande forretningsmannen Vilhelm Siplo �� dagleg leiar av eit varehus �� blir banka opp av torpedoar og seinare myrda.

Konkurrenten George Rudsvik blir samstundes utsett for drapsforsøk med ei bilbombe. Etterforskinga fører politibetjent Rolf Randen inn i eit miljø som ikkje nøler med å gjere kva som helst for å skaffe seg rask rikdom. Men spora peikar også bakover i tid, mot dramatiske hendingar der Gestapo, svik og tortur stod sentralt. Operasjon Siskin er forfattarens femte kriminalroman om politibetjent Rolf Randen.

Frå Bokmeldingar

Terning 5 "Som leser vil du ikke kjede deg et sekund. Hvilken knallstart på bokhøsten!"
Monika Nordland Yndestad, Bergensavisen

"Timberlid seiler frem som nordfylkets seriemester."
Lars Helge Nilsen, Bergens Tidende

"Resultatet har blitt en knallgod krimroman som hører til blant de beste norske i år. [...] hvis juryen som deler ut Rivertonprisen leter etter gode forslag til neste års vinner, så burde Operasjon Siskin være en opplagt kandidat."
Kurt Hanssen, Dagbladet

"Fulltreffar på femte forsøk [...] vanskeleg å leggje frå seg før alle handlingstrådar er nøsta opp."
Ove Eide, Firda

Terning 5 "Rivertonkandidat fra vest [...] prima krimhåndverk."
Geir Løvli, Fredrikstad Blad

"Krimforfattar Rune Timberlid"
, NRK

"[...] det er truleg med Operasjon Siskin at han for alvor vil spela seg inn i eliteserien av norsk krim [...] med skildringane av naziregimet i Høyanger under krigen, kameratskap, smerte, svik og tortur maktar Timberlid å festa grepet om lesaren på eit måte som ofte gjev assosiasjonar til Henning Mankell."
Hanne Stedje, Sogn Avis


ISBN: 9788252174182

Kategoriar: Pocket, Rune Timberlid, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2009, Pocket,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Rune Timberlid