Samtidsruinar: essay

Generell litteratur

Samtidsruinar: essay

4 t 48 min
Marit Eikemo reiste i 2007 rundt i Noreg for å finne moderne ruinar og nytt forfall. Samtidsruinar fekk strålande mottaking då ho kom ut i 2008, og er ein moderne klassikar innan essay-sjangeren. Nå kjem boka som pocket, i nytt opplag.

Kva typar forfall finst i Noreg, kva definerer vi som forfall - og kva seier dette om oss? Ruinane spenner frå Stamsund i nord til den norske solkysten i Spania i sør. Ruinar er ikkje berre gamle steinar. Vi har ruinar rundt oss på alle kantar, og fleire av dei er ikkje ein gong ferdigbygde. Marit Eikemo har eit temperamentsfylt blikk for rikdomen i spor og detaljar, og for alle samantreff i livet. Dette er skarpe, vittige og utålmodige essay, men også ei bok om det å leve og elske og miste.

Denne nye utgåva inkluderer eit nyskrive forord av Kaja Schjerven Mollerin.
349,00 kr
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234014086
Marit Eikemo
Om forfattaren

Marit Eikemo

 

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og leiar for Cornerteatret i Bergen.

Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

Fotograf: Agnete Brun

Foto av Marit Aarekol og Marit Eikemo, tekne av Skjalg Ekeland: