Skjønnlitteratur

Alt inkludert: roman

Skarpt portrett av Noreg. Agnes og dottera Maja på 6 år flyttar inn i eit hybelhus i eit vanleg norsk nabolag, utan nettverk, venner, pengar eller møblar. Gjennom eit par sommarmånader følgjer vi Agnes i forsøket på å etablere seg. Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på finn.no, på leit etter møblar og andre ting dei treng. I møte med alle dei nye menneska, borna i gata, mammabloggaren, politimannen, organisten og jusstudenten er det ofte ikkje meir enn ei kvit løgn som skal til for å få ting til å gli lettare. Men snart blir omgangen meir utfordrande, pengane minkar, og løgnene blir fleire når skulestart nærmar seg. Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd - nedleste av ting, på evig jakt etter meir.
249,00 kr
Sider
319
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193701
Marit Eikemo
Om forfattaren

Marit Eikemo

 

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og leiar for Cornerteatret i Bergen.

Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

Fotograf: Agnete Brun

Foto av Marit Aarekol og Marit Eikemo, tekne av Skjalg Ekeland: