Skjønnlitteratur

Samtale ventar: roman

Drivande godt om å falle utanfor! Elisabeth Brenner er eksjournalist på attføring. Gjennom NAV får ho ein ny sjanse i arbeidslivet: Ho skal samle dialektprøvar på industristaden Einvik. Hit kjem ho ein mørk kveld i november og flyttar inn på arbeidarbrakka. Dei som bur i denne vesle byen, er nysgjerrige og ivrige etter å hjelpe, og ho blir snart kjend med mange. Men arbeidet er verken godt eller effektivt. Brenner greier ikkje skilje jobb og privatliv og får stadig større problem med relasjonane på staden. Folk stiller seg meir og meir tvilande til kven ho er, og kva ho driv med. Brenner fattar interesse for den sære, lokale forfattaren Sveinung Sel og oppsøkjer han først for eit intervju, seinare av grunnar ho ikkje sjølv heilt forstår. Eikemo fører vidare prosjektet frå dei første to romanane sine, når ho tematiserer einsemd og lengsle etter - og ambivalens til - ein større fellesskap.
249,00 kr
Sider
389
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193718
Marit Eikemo
Om forfattaren

Marit Eikemo

 

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og leiar for Cornerteatret i Bergen.

Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

Fotograf: Agnete Brun

Foto av Marit Aarekol og Marit Eikemo, tekne av Skjalg Ekeland: