Romantiske vennskap: sjelevenner i norsk kultur

Generell litteratur

Romantiske vennskap: sjelevenner i norsk kultur

På 1800-talet og eit stykke inn på 1900-talet stod vennskapet høgt i kurs, og ikkje minst varme vennskap mellom to personar av same kjønn. Denne boka handlar om fjorten vennepar av same kjønn, sju kvinnelege og sju mannlege, der dei fleste er kunstnarar, anten innan bildekunst, litteratur eller musikk. To av dei kvinnelege vennepara er forretningskvinner, viktige pionerar i sine respektive bransjar. Historia om dei nære forholda fortel òg korleis personane har funne inspirasjon og kraft i vennskapet og utvikla seg ved hjelp av den andre. Her er nokre av para i boka: Harriet Backer og Kitty Kielland, Bjørnstjerne Bjørnson og Clemens Petersen, Synnøve Finden og Pernille Holmen, Edvard Grieg og Frantz Beyer, Gunvor Hofmo og Ruth Maier.
299,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252190717
Jan Olav Gatland
Om forfattaren

Jan Olav Gatland

(f. 1949) er pensjonert førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Han har arbeidd som kritikar og omsetjar og skrive fleire bøker om litteratur og teater, som Ord og orgasme. Ein biografi om Ola Raknes (2010), og Torvald Tu. Eit diktarliv (2008).