Lars Berg: rikspornograf og kulturforkjempar
Lars Berg (1901-1969) debuterte som romanforfattar i 1934. Dei første romanane vekte stor oppsikt og blei storseljarar. Dei handla om impotens og seksualangst og om stor seksuell appetitt. Lars Berg blei skulda for «spekulasjon i råskap og et skittent fantasiliv» og fekk tilnamnet rikspornograf. Han blei meld til politiet, men blei frikjend. Berg skildra seksualiteten som ei positiv kraft som blei halden nede av kyrkja og folks fordommar. Det gjorde Lars Berg til den mest radikale norske forfattaren i 1930-åra, og for si tid var han truleg langt dristigare enn Agnar Mykle 20 år seinare. Under krigen sat Berg på Grini, og dei påstått umoralske bøkene hans hamna på indeks og blei fjerna frå bibliotek og bokhandel.
Lars Berg skreiv realistiske romanar frå eit nordnorsk fiskarbondemiljø. Fiskarliv, jordbruk og lærargjerning stod sentralt, noko Lars Berg hadde førstehandskunnskap om. Målmannen Lars Berg arbeidde som lærar og kulturarbeidar i Troms. Han kjempa for at Nord-Noreg skulle ha eit like godt og mangfaldig kultur- og utdanningstilbod som resten av landet. Mellom anna slost han for at landsdelen skulle få eit eige teater. Lars Berg blir rekna som Hålogaland Teaters far.
Jan Olav Gatland
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO