Roberto Zucco

| Ragnar Hovland

Det Norske Samlaget lanserer ein ny serie av omsett dramatikk. Jon Fosse er redaktør for utvalet. Ei av dei to første bøkene i serien av moderne dramaklassikarar er Roberto Zucco av Bernard-Marie Koltes.

Bernard-Marie Koltes (1948-89) er den franske etterkrigsdramatikaren som har hatt størst gjennomslag, både i Frankrike og elles i Europa. Han samarbeidde med instruktøren Patrice Cherau, som sette opp alle dei viktigaste stykka hans på Theatres des Amandiers i Paris, gjennombrotet kom med produksjonen av Combat de negre et de chiens (Negers og hundars kamp) og heldt fram med stykke som Dans la solitude des champs de coton (I bomullsmarkenes einsemd). Det siste stykket han rakk å skrive var Roberto Zucco.


ISBN: 9788252154399

Kategoriar:

Emneknagg: 2000, Hefta,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Bernard-Marie Koltès