Rasmus
Hefta

Romanar og noveller

Rasmus

Rasmus er ein sjømannsmetafor for havet, og peiker på det sentrale i romanen: det frigjerande og sjølvstendige i den folkelege replikkunsten og forteljegleda.

Perspektivet vekslar mellom forfattaren og ulike romanpersonar, men delane er bunden saman av Fløgstads språk og miljøskildringar. Dei mange forteljarstemmene gjer at romanen blir rekna som ein kollektivroman.

249,00 kr
Kjartan Fløgstad
Om forfattaren

Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad er fødd i 1944 i Sauda. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Fløgstad studerte arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim ein kort periode, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Kjartan Fløgstad bur i Oslo. Festspeldiktar ved Dei Nynorske festspela 1994. Sjå elles www.gyldendal.no