Skjønnlitteratur

Rapportar frå havet: loggdikt

Skrifta på sjøen. Ein forfattar legg ut på ei reise i eit år saman med kapteinen og dottera deira Olina. Hunden og kattane må bli att heime. Om bord i seglbåten Elle Melle har dei loggbøker, notatbøker og eit skipsbibliotek. "Rapportar frå havet" er ei poetisk omarbeiding av notat fra. denne reisa, og vi får også glimt av Olina sine nedteikningar. Kva skjer når ein legg det vanlege livet bak seg og gir slepp på tid og stad? Kva skjer med refleksjonane, med draumane - med skrifta -, når ein er i stadig rørsle? "Eg har nok minne for eit liv, treng ikkje fleire. / Kunne opphalde meg resten av livet i ein seglbåt på opent hav. / Kvar dag ha setningar sagde av andre til underhaldning. / Augo ville etter kvart bli som hav. Drivande, blanke, / ute av stand til å halde ei stove."
349,00 kr
Sider
191
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252198546
Hildegunn Dale
Om forfattaren

Hildegunn Dale

Hildegunn Dale (f. 1974) er forfattar og redaktør. Dale kjem frå Modalen og bur på Misje. I fleire år var ho ein markant diktar i Bergens poetiske undergrunn før den etterlengta debuten i 2003 med diktsamlinga Solkant, som er både stilfull, sterk og språksikker. I 2004 følgde ho opp med Elvedraumar, ei samling dikt der det konkrete i større grad enn i førsteboka blandar seg med det abstrakte. I Sea, say and see (2006) viser Dale nok ein gong ei forbløffande evne til å konstruere og levandegjere landskap og omgjevnader i dikta sine – og slik setje lesaren inn i opne og sansbare rom og stemningar. Huset jorda i vatn er den åttande diktsamlinga hennar.