Rapport frå Finansdepartementet

Generell litteratur

Rapport frå Finansdepartementet

Fram til regjeringsskiftet 2013 var Morten Søberg statssekretær for banksaker i Finansdepartementet. Denne boka er hans rapport frå dei tre åra han var i toppen av det mektigaste departementet i Noreg. I skuggen av ei global finanskrise reiser Søberg frå sentrum av London til Longyearbyens periferi, til nokre av verdas største sentralbankar og mindre sentrale bankar på tvers av landegrenser og tidssoner: Noregs Bank, The First Bank of the United States, Snåsa Sparebank og Den norske Handelsbank. Som i dei tidlegare bøkene sine, kombinerer Søberg solid fagleg innsikt med ei uvanleg formidlingsevne.
299,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252183702
Morten Søberg
Om forfattaren

Morten Søberg

(f. 1969) kjem frå Trondheim og arbeider som direktør for samfunnskontakt i Sparebank1 Gruppen. Han var statssekretær i Finansdepartementet i tre år fram til regjeringsskiftet hausten 2013. Søberg er samfunnsøkonom med doktorgrad i eksperimentell økonomi frå Universitetet i Oslo og utdanning i filosofi og økonomi frå London School of Economics. Han har tidlegare gitt ut bøkene Senatet som aldri vart. Essay frå Stortinget (2009), Sverdrups ekko. Parlamentariske undersøkingar (2010) og Rapport frå Finansdepartementet (2014).