InnbundenFleire format

Generell litteratur

Ekofisk, Eidsvoll: eit essay om oljepengar og Grunnlova

Kan oljefondet vare evig?

Oljefondet er i dag det største fondet i verda. Handlingsregelen er meint å sikre fondet til evig tid. Slik er det ikkje lenger. Noverande regjering legg opp til ein pengebruk som kan føre til at fondet er tomt i løpet av nokre tiår.

Morten Søberg, samfunnsøkonom og tidlegare statssekretær i Finansdepartementet, stiller i denne boka eit heilt sentralt spørsmål for nasjonen Noreg: Kan oljeformuen vår tryggjast til evig tid?

Søberg startar i 1969. Dette er året då Ekofisk-feltet blei funne i Nordsjøen og den norske økonomien blei forandra radikalt. Det er også året då han sjølv blei fødd. I Ekofisk, Eidsvoll reflekterer Søberg over korleis hans eiga historie er samanbunden med historia om Oljefondet. Han går tilbake til gamle arkiv for å sjå kva statsmenn tidlegare har tenkt om grunnlov, statsfinansar og handlingsreglar. Han reiser til Karibia, Tyskland og USA. Og på vegen rekonstruerer han si eiga slektshistorie, soga om ein tysk kjøpmann som endar opp med å gi lån til den svenske staten - ein formue som til slutt går tapt.

Ekofisk, Eidsvoll er eit dristig og velformulert innlegg i debatten om Noregs framtid, frå ein av Noregs mest originale essayistar.
349,00 kr
Morten Søberg
Om forfattaren

Morten Søberg

(f. 1969) kjem frå Trondheim og arbeider som direktør for samfunnskontakt i Sparebank1 Gruppen. Han var statssekretær i Finansdepartementet i tre år fram til regjeringsskiftet hausten 2013. Søberg er samfunnsøkonom med doktorgrad i eksperimentell økonomi frå Universitetet i Oslo og utdanning i filosofi og økonomi frå London School of Economics. Han har tidlegare gitt ut bøkene Senatet som aldri vart. Essay frå Stortinget (2009), Sverdrups ekko. Parlamentariske undersøkingar (2010) og Rapport frå Finansdepartementet (2014).