Senatet som aldri vart
Innbunden

Senatet som aldri vart

Ein raud tråd gjennom essaysamlinga er politisk dugleik, mot og kvalitet: Søberg diskuterer kva John F. Kennedy la i dette og viser korleis Lagtinget i si tid var meint å vera eit senat etter amerikansk mønster _x0096_ med senatorar av typen Kennedy ovundra. Slik gjekk det ikkje. Men både hjå Kennedy og i referata frå lagtingssalen finst det døme på tankar, skrift og tale som peikar framover mot det som kan verta: eit betre konstitusjonelt demokrati med dyktigare og meir inspirerande politikarar.

399,00 kr
Morten Søberg
Om forfattaren

Morten Søberg

(f. 1969) kjem frå Trondheim og arbeider som direktør for samfunnskontakt i Sparebank1 Gruppen. Han var statssekretær i Finansdepartementet i tre år fram til regjeringsskiftet hausten 2013. Søberg er samfunnsøkonom med doktorgrad i eksperimentell økonomi frå Universitetet i Oslo og utdanning i filosofi og økonomi frå London School of Economics. Han har tidlegare gitt ut bøkene Senatet som aldri vart. Essay frå Stortinget (2009), Sverdrups ekko. Parlamentariske undersøkingar (2010) og Rapport frå Finansdepartementet (2014).