Polarnatt

Sunniva Relling Berg

Iskald flukt i mørkeret

Seksten år gamle Ilias bur på asylmottak med søster si Amira på ni år. Ein dag skjer det noko som gjer det farleg å bli verande. Søskena må rømme ut i den mørke natta. Vinden er isande kald, og dei har dårleg tid. Snart høyrer dei snøskuteren som jaktar på Ilias. Kven kan hjelpe dei gjennom den frosne vinternatta?

Polarnatt handlar om å vere åleine i eit framand land utan vaksne til å passe på seg, men òg om søskenkjærleik, og om å finne trøyst og hjelp hos framande. 

Boka er utgitt med støtte frå Leser søker bok. Illustrert av Bjørn Rune Lie.



Meir frå Sunniva Relling Berg