Om den færøyske essensErla skal reise på sommarferie, frå Noreg og heim til Færøyane, og ho skal ta dottera Julie med seg. Julie er sju, og ho skal bli kjend med kva mora er, kor mora kjem frå, og så skal ho ta til seg dette, kva det no enn er, og så skal det ho får, bli ein del av ho også, det skal vekse inni ho, på ho, over ho, kanskje som mose.På, over, inni er ein roman om å vere fem veker på Færøyane, mor og dotter. Og som alle somrar, er også denne sommaren eit djup, lag på lag med somrar, der alt hopar seg opp: språk, haldningar, slektningar, venner, gammalkjærastar, barndom, landskapet og veret. Det blir eit møte med alt som finst der, og dermed alt som kunne vore. Men det er jo også godt å sleppe det humørlause Noreg for ei stund.