I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte.
Maria Parr har skrive ei fartsfylt og varm høgtlesingshistorie om det å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før. Oskar og eg er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er.
Åshild Irgens (f. 1976) har illustrert boka. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og School of Visual Arts i New York. Irgens har illustrert ei rekkje barnebøker og lettlesbøker, blant anna Maria Parrs Tonje Glimmerdal. Hausten 2018 fekk ho den italienske litteraturprisen Premio Samarelli for illustrasjonane til Tonje Glimmerdal.
Sitat frå melding
«Maria Parrs nye barnebok er rent gull . og Parr befester sin posisjon som en av de beste barnebokforfatterne her til lands.» - Kristine Isaksen, VG «Ei Parr-bok i livet skulle alle ha!» - Anne Cathrine Straume, NRK «Ny bok av Maria Parr - heldige alle som veks opp med slike forteljingar!» - Anne Marta Vinsrygg Vadstein, Nynorskbok «Boka er som ein kakepose med alt som er godt: nære stadar, kjende scener, nye uttrykk og eit mylder av bilete, både i språket og i illustrasjonane.» - Janne Karin Støylen, Bergens Tidende «Den vesle romanen Oskar og eg. Alle plassane vi er er rett og slett ein liten skatt.» - Karen Frøsland Nystøyl, Vårt Land «Med sin nye barneroman syner Maria Parr og Åshild Irgens fram at det ikkje trengst stor dramatikk eller overordna konfliktar for å skape stor barnelitteratur.» - Ingrid Senje, Barnebokkritikk.no «Maria Parrs nye barneroman er en hyllest til barndommens steder: lekehytten, gulvete i klesskapet, baksetet i bilen» - Guri Fjeldberg, Aftenposten «I Oskar og eg skjer det helt vanlige ting med helt vanlige barn. Men Maria Parr tegner opp et stort univers i den lille bygda deres» - Silje Bekeng-Flemmen, Klassekampen
Bla-i-boka
Maria Parr
Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO