Generell litteratur
Sjå, der går ein barndom: om lesaren, litteraturen og det fortalde
«Parr kan gjennom sitt hjertevarme, vanylvske univers skrive om språk, demokrati, skolebibliotek og makt, og likevel ende ved bekken nedi hagen.»
— Ingrid Schibsted Jacobsen, BOK 365
Innimellom barnebokskrivinga har Maria Parr også skrive tekstar for vaksne, både essay, talar og tampar til lokalavisa Synste Møre. Felles for desse tekstane er ei interesse for og undersøking av det som skjer i møte mellom ein lesar og ein skrivar. Om korleis tilsynelatande små og uviktige opplevingar kan vide seg ut og gi meining og betyding langt utover den personlege erfaringa.
Sjå, der går ein barndom er ei samling tekstar der Maria Parr tek oss med til det magiske landskapet barndom, til dei stemmene og forteljingane som inspirerte ho til å finne stemma si. Samlinga er ei kjærleikserklæring til biblioteka, til formidlarane og til alle dei som bidreg til å vide verda ut for lesarane.
Sagt om boka
«En av våre beste barnebokforfattere skriver klokt, morsomt og personlig om barn, litteratur og skriveliv.»
— Maya Troberg Djuve, Dagbladet
«I ein ofte moraliserande debatt om barn og lesing kan vi heller lytte til Maria Parr.»
— Ayne Kifle Assefa Aalen, Klassekampen
«Maria Parr skriver om litteraturen som beredskap – om hvordan fortellinger kan gjøre barn i stand til å se frihet, forestille seg den og finne en stemme å forsvare den med. Under det lune og hverdagslige ligger et alvor som ulmer.»
— Leif Gjerstad, Bok365
«Sjå der går ein barndom minner oss om at alle barndommar blir levde for første gong, i ein evig loop. Det går barndommar rundt oss kvar einaste dag, barndommar som skal danna grunnmuren for eit heilt liv. Maria Parr viser med varme og intelligens korleis me bør knyta desse barndomane til oss ved å fortelja og å bli fortalde.»
— Heidi Bøhagen, Morgenbladet












