Barn og ungdom

Oskar og eg: Alle plassane vi er : roman

Brageprisen Barne- og ungdomsbok 2023 6–9 år 2 t 54 min
«Maria Parrs nye barnebok er rent gull . og Parr befester sin posisjon som en av de beste barnebokforfatterne her til lands.»
— VG
Vinnar av Brageprisen 2023, Nynorsk barnelitteraturpris 2023 og nominert til Nordisk råds barnelitteraturpris!

I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte. Maria Parr har skrive ei fartsfylt og varm høgtlesingshistorie om det å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før. Oskar og eg er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er. Åshild Irgens (f. 1976) har illustrert boka. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og School of Visual Arts i New York. Irgens har illustrert ei rekkje barnebøker og lettlesbøker, blant anna Maria Parrs Tonje Glimmerdal. Hausten 2018 fekk ho den italienske litteraturprisen Premio Samarelli for illustrasjonane til Tonje Glimmerdal.

279,00 kr
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234011931
Meldingar

Sagt om boka

7 omtaler

«Boka er som ein kakepose med alt som er godt: nære stadar, kjende scener, nye uttrykk og eit mylder av bilete, både i språket og i illustrasjonane.»

— Bergens Tidende

«Maria Parrs nye barneroman er en hyllest til barndommens steder: lekehytten, gulvete i klesskapet, baksetet i bilen»

— Aftenposten

«I Oskar og eg skjer det helt vanlige ting med helt vanlige barn. Men Maria Parr tegner opp et stort univers i den lille bygda deres»

— Klassekampen

«Med sin nye barneroman syner Maria Parr og Åshild Irgens fram at det ikkje trengst stor dramatikk eller overordna konfliktar for å skape stor barnelitteratur.»

— Barnebokkritikk.no

«Den vesle romanen Oskar og eg. Alle plassane vi er er rett og slett ein liten skatt.»

— Vårt Land

«Ny bok av Maria Parr - heldige alle som veks opp med slike forteljingar!»

— Nynorskbok

«Ei Parr-bok i livet skulle alle ha!»

— NRK

Maria Parr
Om forfattaren

Maria Parr

Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. I 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen og vart nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg. Parr har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.

Foto: Sara Sanderud

Foto av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens. Foto av Sara Sanderud:

Fleire foto av Julia Marie Naglestad: