OMG: roman

Barn og ungdom

OMG: roman

12–16 år 1 t 58 min
Svart juledrama med knyttnevar, blod og pasjon. For Maria er livet ein grenselaus fest. Men festen tek brått slutt då ho blir skyssa heim i politibil. Mora orkar ikkje meir, og Maria blir send til mormor med totalt mobilforbod. Hos mormor blir Maria fascinert av prestesonen Johannes, samtidig som ho har ein kjærast i byen. Her er det duka for eit klassisk kjærleiksdrama med både knyttnevar og blod. OMG er eit samarbeid med Leser søker bok.
279,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005572
Ingelin Røssland
Om forfattaren

Ingelin Røssland

Ingelin Røssland (f. 1976) er frå Tysnes i Sunnhordland, men busett i Sverige. Ho debuterte med Viss du vil i 1998. For Handgranateple i 2006 blei ho tildelt Sunnmørsprisen og Uprisen. Ho har også motteke Sigmund Skard-stipendet, Guro Sandsdalens litteraturpris og Falturiltuprisen. Bøkene hennar er omsette til tysk, fransk, engelsk, færøysk og dansk. Ho er kanskje mest kjend for trilogien om Engel Winge. Den siste boka hennar var OMG frå 2019, som vart nominert til Kritikarprisen og til Uprisen.