Olav H. Hauge og bygda
Innbunden

Olav H. Hauge og bygda

Saman med minne og hendingar som ikkje tidlegare er festa til papir, er her også samla uprenta dikt, eigne og omsette, frå ungdomstida hans og seinare. Med sin lokalkunnskap har forfattarane kunna utvide og forklare korleis mange av Hauges dikt tek utgangspunkt i naturen i og kring Ulvik.

Vel 80 illustrasjonar, fleire ukjende foto, handskrivne diktmanus og somme skisser krydrar ein personleg tekst i eit lokalt perspektiv der hoggestabben, eplehagen, kulturlandskapet og bygdefolket står sentralt.

429,00 kr
Arne Skjerven
Om forfattaren

Arne Skjerven

Arne Skjerven er lærar og skuleleiar. I tillegg driv han som journalist. Heile det vaksne livet har han vore oppteken av språket og målarbeidet. Skjerven snakka mykje og jamleg med Olav H. Hauge i over 20 år. Samtalane handla om norskopplæring, litteratur og ikkje minst språket for born og vaksne med vekt på målreising og språkrøkt. Skjerven gjorde elles opptaket til bautaen over diktinga til Olav H. Hauge, han fekk skipa Venelaget Olav H. Hauge, og han har gått i brodden for arbeidet og gjennomføringa av dei fire tilskipingane Ulvik poesifestival har stått for dei siste åtte åra. Skjerven har redigert temahefte til skulebruk om Per Sivle, Ivar Aasen og om mål og målreising. Han har vore redaktør for tidsskrift og bøker. Han har òg skrive ei rekkje artiklar både i tidsskrift og aviser om språklege, historiske og litterære emne.

Meir om Arne Skjerven →