Skjønnlitteratur

Ny amerikansk poesi

Åtte amerikanske samtidspoetar for første gong utgitt på norsk!

Denne boka presenterer åtte unge, tonegivande samtidspoetar som har vakse opp i dagens USA etter 11. september 2001. Denne generasjonen lèt seg ikkje så lett setje i bås. Dei speglar alle tida dei lever i, men tek opp i seg element frå ulike tradisjonar og stilretningar, frå hiphop og slam til meir akademisk og essayistisk orientert poesi. Det handlar om både kjønn, rase og identitet, på måtar som tilfører dikta ein politisk brodd. Dikta i utvalet spenner frå 2011 til 2016, med ei klar hovudvekt på dei siste par åra.

Dei som bidreg i antologien, er: Brandon Brown, gjendikta av Frode Grytten, Kate Colby, gjendikta av Rune F. Hjemås, Corina Copp, gjendikta av Hilde Susan Jægtnes og Joanna Rzadkowska, Paul Legault, gjendikta av Leif Høghaug, Monica McClure, gjendikta av Linn Strømsborg, Danez Smith, gjendikta av Kristin Fridtun, Ocean Vuong, gjendikta av Mathias R. Samuelsen og Sara Wintz, gjendikta av Kristina Leganger Iversen.

Boka er ein del av Samlagets gjendiktingsserie av ny poesi.
399,00 kr
Rune F. Hjemås
Om forfattaren

Rune F. Hjemås

Rune F. Hjemås (f. 1982) er frå Heimdal utanfor Trondheim. Han debuterte i 2008 med prosasamlinga Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd, og gav året etter ut novellesamlinga Indianarar. Debutboka fekk gode meldingar, og oppfølgjaren Indianarar, som kom i 2009, blei kåra til ei av årets beste bøker av Klassekampen og hamna som nr. 4 på Adresseavisens liste over beste skjønnlitterære bøker i 2009. I 2021 kom den første barneboka hans, Ein bror i verdsrommet. Hjemås har saman med Mathias R. Samuelsen vore redaktør for Ny amerikansk poesi frå 2018. I 2024 kjem band nummer to.

Hjemås har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland, og har teke mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og Oslo. Han har sidan 2001 delteke i fleire antologiar, og skriv jamleg for ulike tidsskrift, aviser og bloggar. Han fekk i 2018 Trondheim kommunes bykunstnarstipend og bur for tida i Adrianstua.