Last ned omslag

Bla-i-boka

Norsk ordbok. Bd. 12

Oddrun Grønvik | Helge Gundersen | Lars S. Vikør

Norsk Ordbok gir ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og i nynorsk skriftspråk. For kvart oppslagsord finn ein grammatiske opplysningar om ordet, tydingar, ordhistorie og bruksdøme frå litteratur og dialektar med kjeldetilvising og geografisk utbreiing.

Norsk Ordbok har med ordopplysningar om norsk frå ca 1600 til i dag, og byggjer på ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt. I tillegg har ein eit arkiv med om lag 3,2 millionar ordsetlar, mange innsende av frivillige medarbeidarar over heile landet som har sendt inn ord frå sine eigne målføre sidan 1930.

Ordboksverket byggjer også på ei omfattande elektronisk samling nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur, SOM inneheld meir enn 100 millionar ord og omfattar tekstar frå Ivar Aasen til Jon Fosse og Aina Basso.

Band 12 er det siste bandet i Norsk Ordbok, som no er komplett. Kvart band er på vel 800 sider og omfattar om lag 25 000 oppslagsord. Til saman vil ordboksverket omfatte ca. 300 000 oppslagsord. Med band 12 dekkjer orboksverket heile alfabetet frå "a" til "åværig".

Norsk Ordbok er utarbeidd av Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo. Prosjektet er finansiert av universitetet og av Kultur- og kyrkjedepartementet.


ISBN: 9788252186987

Kategoriar: Oddrun Grønvik, Ordbøker

Emneknagg: 2016, Innbunden, ordbok,

Sjanger: Norsk ordbok



Meir frå Oddrun Grønvik