Norsk litterær årbok 2007

Jørgen Magnus Sejersted | Eirik Vassenden

Godt lesestoff og fagleg påfyll for litteraturinteresserte, studentar, lærarar og bibliotekarar.

Norsk litterær årbok 2007 inneheld oversyn over bokåret 2006 og kommenterer dei viktigaste debattane i året som gjekk. Årboka inneheld òg siste nytt frå forskingsfronten, mellom anna artiklar om Ibsen-året og Olav H. Hauge.

Bibliografien over norsk litteraturforsking bak i årboka inneheld som vanleg eit breitt oversyn over nye artiklar og bøker innanfor norsk litteraturforsking.

Innhald:

EIRIK VASSENDEN. Kular og krut! 2006: Ibsenår, kanondebatt og franske sjarlatanar

GRO JØRSTAD NILSEN. Romanåret 2006

JØRGEN MAGNUS SEJERSTED. Lyrikkåret 2006

NORA SIMONHJELL. ”En flod av ensamhet att drukna i”. Om Sara Stridsbergs Drömfakulteten – tillegg till sexualteorien. Nordisk Råds litteraturpris 2006.

HADLE OFTEDAL ANDERSEN. Portrett av poeten som gift mann. Om Sigbjørn Obstfelders “Genre”, inspirert av Stanley Cavells kvardagsfilosofi.

SVEIN SLETTAN. Lur trubadur. DeLillos og det mannlege

SVEINUNG NORDSTOGA. Mål dagen og skriv eit dikt! Tekstmøte mellom Hellbillies og Olav H Hauge

FINN TVEITO. Diktet, denne unike hendinga. Med døme frå lyrikken til Olav H. Hauge.

ANDERS M. ANDERSEN. Sonettmodernisme. Om Olav H. Hauge og sonetten

HADLE OFTEDAL ANDERSEN. Toril Mois nylesing av realismen

LARS RUNE WAAGE. Ikke helt, men stykkevis og delt. Om Ibsen og Brandes – studier i et forhold

TROND HAUGEN. Bibliografi over norsk litteraturforsking 2006


Redaktørar:

Jørgen Magnus Sejersted er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen.

Eirik Vassenden er postdoc-stipendiat i litteraturvitskap ved Institutt for lingvistikk og litteraturvitenskap, Universitetet i Bergen.

Abonnement:

Teiknar du abonnement på NLÅ får du årboka tilsendt fraktfritt ein gong i året. Det er óg mogleg å tinge tidlegare utgåver. Bli abonnent på NLÅ og hald deg oppdatert om norsk litteratur og litteraturforsking! For å bestille abonnement på NLÅ, send e-post til: ordre@samlaget.no




Meir frå Jørgen Magnus Sejersted