
Språk og litteraturvitskap
Norsk litterær årbok 2006
Teiknar du abonnement på NLÅ får du årboka tilsendt fraktfritt ein gong i året. Det er óg mogleg å tinge tidlegare utgåver.
Norsk Litterær Årbok har gjennom 40 år formidla det beste av norsk litteraturforsking til eit breitt publikum. NLÅ oppsummerer kvart år tendensar på det litterære feltet, presenterer siste nytt frå forskingsfronten og gir deg ein fyldig bibliografi over norsk litteraturforsking.
• presentasjon av Göran Sonnevis Oceanen, vinnar av Nordisk Råds litteraturpris 2005
• artiklar om Tarjei Vesaas, Arne Garborg, Bjørnstjerne Bjørnson og Inghill Johansen
• presentasjon av fagfeltet litterær onomastikk – namneforsking i litteraturen
• artiklar om poetokratiet i Norge på slutten av 1800-tallet og vitalismen i nynorske Shakespeare-tolkingar
Godt lesestoff og fagleg påfyll for litteraturinteresserte, studentar, lærarar og bibliotekarar.
Jørgen Magnus Sejersted er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen.
Eirik Vassenden er postdoc-stipendiat i litteraturvitskap ved Institutt for lingvistikk og litteraturvitenskap, Universitetet i Bergen.
• Oppsummerer sentrale debattar og presenterer sentrale roman- og poesiutgivingar
• Inneheld Bibligrafi over norsk litteraturforsking, eit unikt hjelpemiddel for den som vil orientere seg om det som blir skrive om norsk litteratur




