Norsk litterær årbok 2005

Jørgen Magnus Sejersted |
Hefta | ISBN: 9788252165685

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Norsk Litterær Årbok 2005 gir ei oppsummering av kva som har skjedd på det litterære feltet gjennom det siste året. Årets utgåve er i biografien sitt teikn.

I tillegg til artiklar om prosa- og lyrikkåret 2004 inneheld årboka mellom anna artiklar om Marie Takvams, Olav Nygårds og Maria Gripes dikting, samt ein omtale av Sjóns nyaste bok Skugga-Baldur, som fekk Nordisk Råds Litteraturpris for 2005. Innlegga i samband med Knut Olav Åmås’ doktordisputas vil òg inngå i årboka.

Norsk Litterær Årbok er naudsynt lesnad for litteraturinteresserte som vil halde seg oppdatert om nye tendensar, forskingsnyhende og viktige utgjevingar innanfor det nordiske feltet, og som vil djupare enn dagskritikken.

Bibliografien over norsk litteraturforsking bak i årboka inneheld som vanleg eit breitt oversyn over nye artiklar og bøker innanfor norsk litteraturforsking.

Boka vender seg til studentar på nordisk og litteraturvitskap frå grunnfag og oppover, bibliotek og litterære formidlingsinstitusjonar, litteraturforskarar, lærarar og den litteraturinteresserte ålmenta.

Innhaldsliste finn du under utdrag nedanfor.

Jørgen M. Sejersted

Du likar kanskje desse

Sist sett på