Jørgen Magnus Sejersted
Utseld
Dei nye redaktørane er dei unge litteraturvitarane Jørgen Magnus Sejersted og Eirik Vassenden, begge tilknytte Universitetet i Bergen. Norsk Litterær Årbok er ein institusjon i norsk litteraturliv og kom første gong ut i 1966. Dei nye redaktørane vil satse meir på aktuelt stoff og leggje større vekt på samtidslitteraturen.
Fleire artiklar i NLÅ 2003 oppsummerer viktige tendensar på det litterære feltet gjennom det siste året. Det blir peika på at samtidslitteraturen no i større grad enn tidlegare grip fatt i problem i samtida – samtida sjølv har rykt tettare inn på litteraturen. Sindre Eikrheim skriv i ein gjennomgang av lyrikkåret 2002 at dette er ein generell tendens i poesien; påfallande mange diktbøker problematiserer tilhøvet mellom røynd og dikt. I ei oppsummering av romanåret 2002 skriv Øyunn Viken at ein generell tendens her er familienærleikens tyranni – intimitetstyranniet som er ein del av samtida, blir reflektert i dei nye romanane.
Som i tidlegare år gir NLÅ 2003 ein omtale av fjorårets vinnar av Nordisk Råds litteraturpris. Eirik Vassenden skriv om Eva Ströms Revbensstäderna at det er ei bok som knyter diktet, verda og samtida saman på reflektert og sofistikert vis. Årboka inneheld dessutan debattinnlegg om det ideologiske elementet i norsk litteraturforsking, artiklar om Frode Grytten, Kjell Askildsen og Bjørn Aamodt og eit intervju med Robert Bly om norsk litteratur.
Norsk Litterær Årbok inneheld dessutan ein bibliografi over norsk litteraturforsking, eit viktig hjelpemiddel for den som ønskjer å orientere seg om kva som blir skrive om norsk litteratur.
Utseld - 300,00 kr
2003 var året da politikken på nytt blei eit tema i litteraturen, skriv redaktørane for Norsk Litterær Årbok 2004. Åsne Seierstad toppa salsstatistikkane i skandinaviske bokhandlar, og den finske samfunnskritiske...
Utseld - 300,00 kr
Norsk Litterær Årbok 2005 gir ei oppsummering av kva som har skjedd på det litterære feltet gjennom det siste året. Årets utgåve er i biografien sitt teikn. I tillegg til...
Utseld - 329,00 kr
Godt lesestoff og fagleg påfyll for litteraturinteresserte, studentar, lærarar og bibliotekarar. NLÅ 2006 inneheld oversyn over bokåret 2005, og kommenterer dei viktigaste debattane i året som gjekk. Bli abonnent på...
Utseld - 329,00 kr
Godt lesestoff og fagleg påfyll for litteraturinteresserte, studentar, lærarar og bibliotekarar. Norsk litterær årbok 2007 inneheld oversyn over bokåret 2006 og kommenterer dei viktigaste debattane i året som gjekk. Årboka...
Utseld - 329,00 kr
Godt lesestoff og fagleg påfyll for litteraturinteresserte, studentar, lærarar og bibliotekarar. Norsk litterær årbok 2008 inneheld oversyn over bokåret 2007 og kommenterer dei viktigaste debattane i året som gjekk. Årboka...
Utseld - 299,00 kr
Godt lesestoff og fagleg påfyll for litteraturinteresserte, studentar, lærarar og bibliotekarar. Redaktørar:Jørgen Magnus Sejersted er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen. Eirik Vassenden er postdoc-stipendiat i...
Utseld - 299,00 kr
Godt lesestoff og fagleg påfyll for litteraturinteresserte, studentar, lærarar, og bibliotekarar. Innhald Jørgen Magnus Sejersted og Eirik VassendenRomanåret 2009 Kristoffer Jul-LarsenKritikkåret 2009 Eirik LodénLyrikkåret 2009 Nora Simonhjell”… veggene har ører...