Norsk litterær årbok 2002

Hans H. Skei | Einar Vannebo

Norsk Litterær Årbok 2002 har eit variert innhald og presenterer både eldre litteratur og heilt moderne forfattarar og teoriar om diktekunst. Boka tek opp fleire av dei litterære hendingane i 2001.

Ein oversynsartikkel handlar om viktige bøker som kom ut i 2001. Boka har også ein omtale av Lars Saabye Christensens roman Halvbroren, som fekk Nordisk Råds litteraturpris i 2001. Astrid Lindgren har fått eit minneord i boka, der det blir sett søkjelys på kva ho har betydd for nordisk litteratur.

To heilt nye forskingsfelt blir introduserte i årboka. Ein artikkel set søkjelyset på den nye innvandrarlitteraturen i Noreg, ein annan introduserer feltet bokhistorie. Elles finst artiklar både om romandikting og lyrikk, om ”gutebøker” og om litteraturformidling i radio.

Forfattarar som blir omtalte i årboka, er mellom andre Vinje, Garborg og Bjørnson, Ronald Fangen, Gunnar Larsen, Paal-Helge Haugen og Bjørn Aamodt. Som alltid inneheld årboka bokmeldingar og bibliografi over norsk litteraturforsking.


ISBN: 9788252160277

Kategoriar: Hans H. Skei, Norsk litterær årbok

Emneknagg: 2002, Hefta, årbok

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Hans H. Skei