Jesus i norsk 1990-talslitteratur. Dette er emne for ein av artiklane i Norsk litterær årbok 2000, som nettopp er komen på marknaden. Artikkelforfattaren Rolv Nøtvik Jakobsen har undersøkt kva som skjer med framstillinga av Jesus etter at Gud er vendt tilbake i norsk litteratur.
NLÅ byr elles på eit mangfald av interessante vinklingar på norsk samtidslitteratur, m.a. blir Dag Solstad lesen opp mot Ibsen, Bergljot Hobæk Haffs Skammen blir tolka i lys av Mikhail Bakhtins teoriar om den polyfone romanen, og søkelys blir sett på Rune Belsviks barnebøker om Dustefjerten.
Årboka byr og på nylesingar av eldre forfattarskap med artiklar om vitalistiske drag i Olav Duuns romanar, Aksel Sandemoses ironi, Cora Sandels Alberte som flanør og resepsjonen av Olav Nygards poesi.
NLÅ prentar i år ti hittil ukjende brev frå Alexander Kielland som Nasjonalbiblioteket har skaffa seg. To viktige teoretiske område innanfor litteraturvitskapen blir presenterte gjennom fyldige artiklar, nemleg "queer theory", som dreiar seg om homoforsking brukt på litteratur, og edisjonsfilologi, dvs. prinsipp for nyutgiving av eldre tekstar.
Årboka inneheld som vanleg presentasjon av vinnaren av Nordisk Råds litteraturpris for 2000, den danske poeten Henrik Nordbrandt, og dessutan eit nyttig oversyn over den norske bokhausten 1999 og bibliografi over norsk litteraturforsking i fjor.
Hans H. Skei
Adresse Solberglivn. 27, 0671 Oslo Eg bur no i Oslo kommune Fødselsår 1945 Yrke Professor Bakgrunn Magister i litteraturvitskap ved UiO 1972, med psykologi og engelsk som støttefag. Dr.philos. i litteraturvitskap ved same universitet i 1980 på ei avhandling om Faulkners noveller. Studieopphald i USA 1976/77 og 1978. Forskingsopphald ved forskjellige universitet i USA i 1992 og 1995; seminardeltakar og forelesar i mange land og mange samanhengar.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO