Norsk historie 1814-1905: å byggje ein stat og skape ein nasjon

Fagbøker

Norsk historie 1814-1905: å byggje ein stat og skape ein nasjon

Å byggje ein stat og skape ein nasjon, revidert utgåve Dette er det tredje bandet i det nye historieverket til Samlaget og skildrar hundreåret då Noreg gjekk frå unionsstatus til å bli ein sjølvstendig nasjonalstat. I 2015 kjem ein revisjon av denne boka. Boka har to hovudforteljingar. Den eine viser korleis landet og innbyggjarane blei bundne tettare saman, i ein statsfellesskap og ein nasjonal fellesskap. Dette skjedde gjennom omfattande utbygging av kommunikasjonar og nasjonale institusjonar. Den andre forteljinga handlar om vegen inn i det moderne, i ein industriell kapitalisme som prega alle sider av økonomien og gjorde landet til eit av dei rikaste i verda. I denne prosessen utvikla landet seg frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn. Begge forteljingane er nært knytte til utviklinga av demokratiske institusjonar, som det lokale sjølvstyret, folkerørsler og eit godt utbygd skulevesen.
449,00 kr
Sider
352
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186550
JM
Om forfattaren

Jan Eivind Myhre

er professor i historie ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo. Hans arbeidsfelt er moderne norsk og europeisk historie etter 1800, med særleg vekt på sosialhistorie, befolkningshistorie, migrasjonshistorie, byhistorie og historiografi. Myhre har tidlegare utgitt ei rekkje bøker og mellom anna vore medforfattar på verka Norsk innvandringshistorie (2003) og Norsk byhistorie 700-2000 (2006).
Meir om Jan Eivind Myhre →