Norsk fotohistorie

Peter Larsen | Sigrid Lien

Omfattande framstilling av fotografiets historie i Noreg, frå daguerreotypiet i 1840-åra til dagens digitale teknologi. Boka er gjennomillustrert i fargar.

Dette er den første samla framstilling av fotografiets historie i Noreg, frå daguerreotypiet på 1840-talet til dagens digitale teknologi. Boka følgjer utviklinga både når det gjeld teknikk og ulike sjangrar: frå portrett-, landskaps- og dokumentarisk fotografi på 1800-talet til reportasjefotografi, familiefotografi og kunstfotografi på 1900-talet. Forfattarane skildrar korleis fotografiet i løpet av denne perioden har fått ein stadig større plass både i det offentlege og det private rommet. I framstillinga blir fotografiet diskutert ut frå eit dobbelt perspektiv – ikkje berre som estetisk objekt, men også ut frå dei sosiale funksjonane det har hatt opp igjennom tidene.

Boka er gjennomillustrert i fargar og vender seg til kunsthistoriestudentar, mediefagstudente og det fotointeresserte publikum.

Peter Larsen er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen. Sigrid Lien er professor i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen.

"Omfattende og opplysende framstilling av fotografiets utvikling fra primitivt luksusprodukt til superoptisk billedkunst."
Harald Flor, Dagbladet


ISBN: 9788252162912

Kategoriar: Høgskule og universitet, Peter Larsen

Emneknagg: 2007, Innbunden,

Sjanger: Estetiske fag



Meir frå Peter Larsen