Noregs nedgang

Fagbøker

Noregs nedgang

Krisa i seinmiddelalderen og tapet av nasjonalt sjølvstende er eit tilbakevendande tema i norsk historieforsking. Nedgangsmotivet er langt på veg eit særnorsk perspektiv mens kriseomgrepet er felles for heile Europa. Forfattaren oppsummerer den norske forskinga om emnet, og plasserer denne i ein større europeisk kontekst. Boka er skriven for studentar i historie.
319,00 kr
Sider
120
Utgivingsår
2002
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252159387
SI
Om forfattaren

Steinar Imsen

(f. 1944) er professor emeritus i eldre historie ved Institutt for historie og klassiske fag ved NTNU. Frå 2010 til 2014 leidde han det internasjonale forskingsprosjektet The Realm of Norway and Its Dependencies as a Political System c. 1250_x0096_1450, der dei statlege tilhøva i Noregsveldet vart granska.