Nomade
Innbunden

Romanar og noveller

Nomade

I eit anfall av meiningsløyse seier ein mann opp jobben og kjøper ein bil. Han stiller navigasjonsapparatet inn på ein tilfeldig by: Lübeck. Ved å halde seg i konstant rørsle freistar han å fri seg frå kvardagslivet. Men den nomadiske livsstilen blir utfordra, og spørsmålet melder seg: Kor lenge er det mogleg å flykte?

Frå det yrande folkelivet i Tanger via eit forskingsprosjekt om ein spesiell eføy på Ånuglo til dei tungt trafi kkerte europeiske motorvegane, tek Skaret oss med på ei rastlaus ferd i både tanke og geografi.

Nomade er full av presise observasjonar, absurde hendingar og slåande refleksjonar.
449,00 kr
Erlend Flornes Skaret
Om forfattaren

Erlend Flornes Skaret

Erlend Flornes Skaret (f. 1976) kjem frå Bømlo og er utdanna sivilingeniør. Han debuterte til begeistra kritikkar i 2011 med romanen Wrocław, og har også skrive romanane Lucida (2013) og Nomade (2016). Caninevangelium er den fjerde romanen hans.