Skjønnlitteratur

Natthimmel med kulehòl

Omsett frå engelsk av Mathias R. Samuelsen

Litterær sensasjon med familietraume frå Vietnamkrigen Denne boka har blitt ein litterær sensasjon i USA. Vuong blir samanlikna med dei verkeleg store i den engelskspråklege litteraturen, som Emily Dickinson og William Shakespeare. I dikta til Ocean Vuong blir det svært intime stadig sett opp imot historiske hendingar. I etterdønningane frå Vietnamkrigen skildrar Vuong sorg, vald, krig og overgrep med eit mjukt landskap av poetiske bilete. Det er dikt som gjennom rytme og driv demonstrerer korleis ei varleg hand på eit bryst kan stille sjølv den sterkaste lysta. Forord av John Freeman. Gjendikting og etterord av ved Mathias R. Samuelsen.
349,00 kr
Sider
105
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252197617
Ocean Vuong
Om forfattaren

Ocean Vuong

Ocean Vuong (f. 1988) er fødd i Vietnam og oppvaksen i USA. Han var den første i familien sin som lærte å lese. Han er poet, romanforfattar og essayist og har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Whiting Award 2016 og T.S. Eliot Prize 2017.

Vuong har blitt omsett til ei rekkje språk og har tydeleg treft noko hos lesarar over heile verda. Dei to bøkene færste bøkene hans, Natthimmel med kulehòl (Samlaget, 2019) og På jorda er vi glimtvis vakre (Pelikanen, 2019), handlar om oppveksten som skeiv, fattig, asiatisk-amerikansk og korleis vegen hans til å bli forfattar har vore. Ocean Vuong har ei eiga evne til å skildre det vanskelege og vonde med slåande skjønnheit og innsikt. Tida er ei mor er Vuongs nyaste utgiving.