HeftaFleire format
Skjønnlitteratur
Tida er ei mor: dikt
Omsett frå engelsk
«Om du ikkje blir råka av orda til Ocean Vuong, har du eit hjarte av stein. [.] Krafta i orda til Vuong ligg i dei sterke kjenslene, i rytmen og i utsnitta han vel. Spenninga ligg i skildringane av eit fattigsleg innva...»
— Anne Cathrine Straume, NRK
Ny, etterlengta diktsamling frå kritikarroste Ocean Vuong.
I si andre diktsamling leiter Ocean Vuong etter trøyst i det som er att etter mora døydde. Ein omsorgsperson han hadde ein kjærleg, men komplisert relasjon til.
Nedtyngd i ein sorgprosess utforskar Vuong det som har vore sentrale motiv sidan debuten hans: Det ein familie har å seie, og kostnaden av å vekse opp i Amerika som eit resultat av ein imperialistisk amerikansk krig. Men denne gongen går han òg enda tettare på det engelske språket, det han aldri fekk velje sjølv. Også denne relasjonen er komplisert og har sin pris.
Dikta til Vuong krinsar kompromisslaust, nakent og overgivande kring fragment av liv for å finne støtte, men òg ei meining i eige tilvære.
«Tida er ei mor» er eit ømheits-testament i ei valdeleg tid.
Boka er gjendikta av Mathias R. Samuelsen.
349,00 kr
Meldingar
Sagt om boka
2 omtaler
«Tapet av ei mor er ingen original setting i litteraturen, men Ocean Vuong handsamar tapet på sitt personlege vis. (.) Det er vondt, vakkert og hudlaust. Den som ikkje vert gripen av denne samlinga, har eit hjarte av stein.»
— Anne Cathrine Straume, NRK si liste over anmelderane sine 9 favorittbøker
«Sårbar og suveren»


