Narnia-draumar: roman

Barn og ungdom

Narnia-draumar: roman

12–16 år
Frittståande framhald av "Keeperen til Tunisia", som Mæhle debuterte med for tre år sidan og fekk strålande kritikkar. Eg-forteljaren Jo er blitt 16, og fotballtalentet Arnfinn, storebror til Jos beste venn, er framleis pasient på "Klikken". Men ein annan pasient kjem til å spele ei av hovudrollene i denne fengslande romanen, der mykje står på spel for mange unge. C.S. Lewis' Narnia-bøker har gitt næring til draumar og lengslar hos dei involverte personane både den bråmodne veslesøster til Jo og fleire av vennene hans rømmer frå kvardagen og utset seg for livsfare i leitinga etter meining og ei betre verd. Den oppdikta draumeverda og den verkelege krasjar i det dramatiske sluttkapitlet.
249,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185447
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.