Når livet røyner på

Bjarte Stubhaug

Livet blir sjeldan akkurat slik ein hadde tenkt seg dei fleste opplever større eller mindre kriser i løpet av livet. I denne boka skriv psykiateren Bjarte Stubhaug innsiktsfullt om kriser og vendepunkt som er del av liva våre �� om motgang, motløyse og smerte, om tap av menneske vi er glade i, om stress og utmatting og om korleis for høge forventningar kan gjere oss sjuke.

Forfattaren viser korleis sinn og kropp er samanvovne, og korleis vi kan fi nne måtar å meistre krisene på og leve livet meir slik vi ønskjer.

Bjarte Stubhaug er psykiater, med lang klinisk røynsle og forskingsbakgrunn med doktorgrad om kronisk utmatting. Han har vore leiar av Norsk psykiatrisk foreining i 6 år, har vore spaltist i tidsskriftet Psykisk helse og aktiv bidragsytar i folkeopplysing om kropp og sjel.


ISBN: 9788252170825

Kategoriar: Bjarte Stubhaug, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2008, Hefta,

Sjanger: Livet



Fleire bøker av Bjarte Stubhaug