Når kreft gir kraft: rapport frå første halvår med kreftdiagnose
InnbundenFleire format

Generell litteratur

Når kreft gir kraft: rapport frå første halvår med kreftdiagnose

Hans Olav Tungesvik, i mange år ein av våre mest markante rikspolitikarar, psykiater, også kjend som populariserande .radiolege. i NRK, har skrive ei personleg skildring, frå 30. mars 2006 då han fekk vite at han hadde prostatakreft, til han er i ferd med å avslutte første strålebehandlinga seks månader etter. Legen er sjølv blitt pasient og er overraska over at han ikkje kjenner seg redd; i staden opplever han meir audmjukt at også han er dødeleg og kva som er viktig i kvardagen. I boka flettar han inn refleksjonar om sitt kristne livssyn, og viser korleis utvalde og tilfeldige bitar frå salmar, popmusikk og litteratur, TV-program, avisoppslag, turar i skog og fjell, møte med andre menneske og ulike arbeidsoppgåver no står fram i eit uventa og givande perspektiv. Ei lettlesen framstilling av ein sjukdom som stadig er vanskeleg å snakke om, skriven slik at den paradoskalt nok også blir ei alternativ gåvebok, til trøyst og opplysning.
279,00 kr
Sider
91
Utgivingsår
2006
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252169850
Hans Olav Tungesvik
Om forfattaren

Hans Olav Tungesvik

Hans Olav Tungesvik (f. 1936) har hatt eit mangfaldig yrkesliv med talrike verv i politikk og frivillige organisasjonar: Leiar i Noregs Mållag 1965_x0096_70, fylkespsykiatar i Finnmark 1975_x0096_77, stortingsrepresentant 1977_x0096_85, parlamentarisk leiar for Kr.F 1983_x0096_85, sjeflege ved Modum Bads Nervesanatorium 1995_x0096_97. Etablerte i 1985 Frihamn psykiatriske senter i Skånevik, der han med eit lite avbrot har vore dagleg leiar sidan.

Meir om Hans Olav Tungesvik →