InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Når det regnar i Afrika: ei bok om vêr og klimaendringar

9–12 år
Faktabok for barn om meteorologi Korleis blir vêret til? Kvar kjem vindane frå? Kvifor får hagl racerfart, og kvifor i alle dagar regnar det? Dette er ei bok om vêr, men også ei bok om Styrk, som bur i Noreg, men tenkjer på Afrika. Når kjem regnet til dei tørre åkrane hos mormor, tenkjer han. For det kjem vel, om det ikkje er nokon som har stole det? Dette er forteljinga om Styrk, men også ei faktabok om meteorologi. I slutten av boka kan du lese om korleis vêret held på å endre seg her på kloten. Og du få vite kvar regnet i Afrika blei av! Boka er illustrert av Per Ragnar Møkleby.
369,00 kr
Sider
87
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187809
Erna Osland
Om forfattaren

Erna Osland

(f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Osland er no busett i Byrknesøy i Sogn.