«Flyttefolka vinkar til oss. Dei høyrer ikkje heime her, likevel har dei meir enn meg. Konene frå Polen står sikkert på kjøkkenet, kokar suppe på svineknoke, kuttar paprika og poteter, stryk klede og ventar på flyttemennene sine. I kveld kjem dei til å le, alle saman, koner, menn og barn med varm suppe i skeiene kjem til å le over mor og dotter og femten pappesker i verdas rikaste land.»
Ida går på NAV. Ho har ikkje fullført vidaregåande, og til saman har ho jobba 20 dagar i det ordinære arbeidslivet. Mor hennar har vore inn og ut av sosialkontoret så lenge Ida kan hugse, og no må Ida hjelpe henne med å flytte inn på hospits. I tillegg har bestevenninna Ragna blitt gravid, og Ida er redd Ragna ikkje kjem til å ha tid til henne når barnet kjem.
Overalt møter Ida forventningar ho ikkje kan innfri. Nettene dreg henne bakover i tid, til midlertidige rom hos midlertidige fedrar, og til såret mellom ho, mora og bestemora. Men noko er likevel i ferd med å snu. Ho har gått til psykolog i over eitt år og fått seg ei leilegheit i Groruddalen. I møte med den afghanske flyktningen Malik, ein katt oppkalla etter St. Thomas og ein nabo som treng hjelp, begynner både framtida og fortida å endre form.
Rik roman om fattigdom [...] en kritisk, men samtidig håpefull fremstilling av velferdsstaten.
-Kenneth Moe, Aftenposten
Sitat frå melding
«Forfatter Ingelin Westeren har selv jobbet i Nav. Med debutromanen gir hun et mulig ansikt til mennesker bak statistikken over «ungt utenforskap».» - Anna Kvam, Stavanger Aftenblad «Hovedpersonen oppleves som både hel og sammensatt, romanen blir derfor noe mer enn en illustrasjon av et samfunnsproblem» - Maria Årolilja Rø, Adresseavisen «Rik roman om fattigdom [.] en kritisk, men samtidig håpefull fremstilling av velferdsstaten.» - Kenneth Moe, Aftenposten